Det er 175 år sidan Elias Blix vart fødd

Skrive av: Roger Lillebø
Innlagt den 23.09.2011

Det er 175 år sidan vår store, nynorske salmediktar Elias Blix vart fødd.

I samband med Blix-jubileet vil Tonika skipe til ei samkome i kyrkja der ein på ulike måter vil minnast denne store salmediktaren. Det er sagt om Elias Blix, som aldri sat i eit soknekall, at han nådde langt vidare med sine salmar enn nokon prest i ordinær teneste har nått med preikene sine. Og vi syng framleis songar og salmar av Elias Blix.
Denne samlinga blir den 23. oktober kl. 16.00. Då vil Tonika syngje, og prost Svein Runde vil fortelje om Elias Blix. Det vil også bli vist bilde frå Gildeskål, der han vart fødd den 24. februar 1836. I tillegg vert det fellessong.
Denne ettermiddagen må du setje av til samling i kyrkja!


-- Printa ut frå STORDAL BEDEHUS si heimeside under www.stordalsportalen.no --

eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as