Stordal Kommune

Generelt om kommunen

Stordal kommune ligg ved Storfjorden på Sunnmøre og grensar til kommunane Vestnes, Rauma, Ørskog, Norddal, Stranda og Sykkylven. Kommunen ligg om lag 6 mil frå Ålesund, som er næraste by. Stordal er kommunesenteret. Bygda Dyrkorn høyrer med til Stordal kommune.

Stordal på austsida av Stordalsfjorden omfattar i hovudsak Stordalselva sitt nedslagsfelt, samt eit mindre område på vestsida av fjorden. Stordal var 1965-77 ein del av Ørskog kommune.

Natur
Berggrunnen består hovudsakleg av gneis. Det meste av kommunen er fjellområde med ei rekke toppar på 1200-1500 moh., høgast er Seljebotstinden (1531 moh.). 60% av arealet ligg over 600 moh. Mellom fjella skjer Stordalen med sidedalar seg ned. Stordalselva er ei kjend lakseelv og varig verna mot kraftutbygging.

Busetting
Busettinga ligg for ein stor del i sjølve Stordalen samt på Dyrkorn 5 km lenger nord ved fjorden. Ved utløpet av Stordalselva ligg tettstaden og administrasjonssenteret Stordal. Folkemengda ligg på rundt 1000.

Næringsliv
Stordalen har relativt gode jordbruksareal, og det viktigaste inntektsgrunnlaget er husdyrhald. I Stordal er det fleire større møbelbedrifter. Det er stor innpendling frå andre kommunar til desse arbeidsplassane.

Samferdsel
Rv. 650 gir Stordal vegsamband til Sjøholt (og vidare til Ålesund, E 136), med Liabygda (ferje vidare til Stranda) og med Valldal (og vidare til Åndalsnes, Rv. 63).

Offentlege institusjonar
Stordal svarar til Stordal Sogn i Ørskog Prestegjeld, Austre Sunnmøre prosti i Møre Bispedømme, høyrer til Ørskog lensmannsdistrikt i Sunnmøre politidistrikt og høyrer under Nordre Sunnmøre domssokn.

Kommunevåpenet
(godkjent 1991) har ein gull stolpe danna ved duestjertsnitt mot ein blå bakgrunn; som symboliserer møbelindustri.

Namnet kjem av norrønt Stóladal, første ledd stóll er fjellnamn frå fjellet Stolen.




-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as