Rosekyrkja

Rosekyrkja

Adresse

6250 Stordal

Telefon

Om Rosekyrkja

Stordal gamle kyrkje, Rosekyrkja, har gjennom fleire hundreår vore ein sentral   samlingsstad i Stordal. I dag er denne kyrkja den største turistattraksjonen i bygda. Rosemålinga frå slutten av 1790-talet gjer kyrkjerommet spesielt. Fortidsminneforeininga er eigar av kyrkja og sørgjer for omvisning.

 

Gjennom dei to siste tiåra er det på området aust for kyrkja kome til tre bygg, som tidlegare har hatt andre plasseringar i bygda. Bygningen nærast kyrkja er Prestestova, bygd rundt 1870, som vart flytta frå andre sida av riksvegen rett sør for kyrkja. Løsetstova, ei typisk sunnmørsstove bygd på slutten av 1790-talet,  kjem som namnet seier frå garden Løset. Det tredje bygget er eit om lag 250 år gammalt stabbur frå Busengdal. Til saman utgjer kyrkja og dei tre husa - med tunet framføre bygningane - ein populær stoppeplass for turistar og andre farande. 

Relaterte sider

Tema  Attraksjonar

-- Printa ut frå www.stordalsportalen.no --
eZ publish™ copyright © 1999-2019 eZ systems as