Meininga med dette menypunktet er at når
ein byrjar på ein ny sesong overfører
ein alle turane i foregåande sesong til ei
kortversjon utgåve. Dette blir såleis
ei historisk oversikt over turar som er
gjennomført sett opp år for år.
Bjørn Kjersem var leiar for ei gruppe
personar med tilsaman 10 hestar. Dei starta
frå Vaksvikfjellet og gjekk om
Dyrkornstølen, Midtbustegga, vidare fram
gjennom Rikjendbotn og over Rikjendskaret og
ned til Botnastølen. Bildet er teke oppe
ved Rikjendskaret og viser det fine
turterrenget innover Jøsvollbotn.
Hestefølgjet fortsette vidare ned til
Stavdal og fram over bygda til
Langsætrane, og dagen etter gjekk dei
vidare til Valldalssætra. Bildet er teke
av Bjørn Kjersem.