Stordalsportalen.no / Tema / Om Stordal / Bilde med ei historie / Haueplassen på Vinje
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
19. august 2019 22:38:57
Namnedag:
Sigvald - Sigve
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Haueplassen på Vinje

Skrive av: Kristian Almås
Innlagt den 13.02.2006

Haueplassen og den gamle Vinje skule låg i området mellom Stordalstunet og Stordal kyrkje. Utskiftingskartet for Vinje frå 1880-åra viser at det gamle skulehuset stod omtrent der Asbjørn og Astrid Holten no bur, og Haueplassen var omtrent der Eirik og Gerd Olsen no bur. Namnet Haueplassen kjem truleg av at det i eldre tider var gravhaugar i dette området.

På 1800-talel budde Lars Olsen Vinje og kona hans, Marte, på Haueplassen. Lars var husmann med jord som det heiter i folketeljingane. Dei hadde då altså eit lite jordstykke, og i 1865 hadde dei ei ku og fem sauer.

Lars var bygdevektar eller ståtarkonge, som det også vart kalla, i Stordal. Han hadde politimerke under jakkeslaget. Ein gong då det kom eit fantefølgje gjennom Stordal, følgde Lars dei heile vegen for å sjå til at dei heldt seg på rette sida av lova. Dei tok vegen over til Liabygda, og Lars var med heilt til grensa på Liabygdfjellet. Kven som passa på dei etter at dei var komne til Liabygda, fortel ikkje soga noko om. Marte kom frå Langhaug, og ho var søster til Tobias som hadde garden der i lang tid. Lars og Marte hadde mange born.

Lars vart fødd i Liabygda i 1811. Mor hans heitte Ragnhild Olsdotter Klevberg og budde då på Klevberg. Fødselen kom nok noko uventa på. Det blir fortalt at Ragnhild var på veg opp den bratte vegen frå Groven til Klevberg, då fødselen kom i gang. Ho fødde barnet der, og alt gjekk vel med mor og barn. Dette hende ein søndag, og foreldra til Ragnhild hadde vore til kyrkje på Stranda. På heimveg fann dei Ragnhild med barnet. Seinare vart det av og til sagt at Lars vart fødd under ei furu.

Bildet viser Lars og Marte i godt vaksen alder. Haueplassen er også omtalt i Stordal sogelag sitt temahefte om klyngetunet på Vinje og i "Gard og ætt" side 157.

Haueplassen
Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema