Stordalsportalen.no / Tema / Om Stordal / Bilde med ei historie / Nissen på seldøra
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
15. oktober 2019 20:45:04
Namnedag:
Hedvig - Hedda
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Nissen på seldøra

Skrive av: Kristian Almås 12. januar 2006
Innlagt den 22.01.2006

Det blir fortalt at i 1890-åra kom det ein engelskmann til Stordal. Denne mannen hadde kunstmåling som yrke eller hobby, men det er ikkje utruleg at han kom til bygda for å fiske laks.

Han kom så i kontakt med brukaren i Pe-garden på Øvrebust, og fekk bruke Pe-selet til eit opphald på Langsætrane. Om han gjekk til fots eller hadde skyss med hest og kjerre framover dalen, er ikkje godt å vite, men det blir vidare fortalt at han på denne turen såg ein eldre mann, og at denne personen gav han inspirasjon til ei skisse på blokka. Vel framkomen til Pusken tok han fram skisseblokka og målarutstyret sitt, og dermed vart portrettet festa til innseldøra i Pe-selet.

Mange har sjølvsagt stilt spørsmål om kven det kan ha vore som gav inspirasjonen til bildet "Nissen på seldøra". Kan det ha vore Stavå-Knut eller kanskje Gamle-Kristoffer på Almås?

Ein gong under siste verdskrig var kunstmålaren Ole Solbakken frå Stranda på vitjing hos Pe-Gustav i Pe-selet på Langsætrane. Ole vart svært interessert i måleriet, og spurde om å få kjøpe det. Med ein pris på kr 50,- fekk han tilslag, og dermed tok han heile døra med seg heim.

I midten av 1960-åra hadde Ole Solbakken eit større oppdrag for Stordal kommune i og med at han lagde eit stort måleri over heile sørveggen i kommunestyresalen. Arne Aarflot var leiar i byggekomiteen og hadde også med utsmykking å gjere. Dermed kom Arne og Ole i prat også om "Nissen på seldøra". Denne gongen var det Arne som ville kjøpe døra av Ole, men Ole ville ikkje selje. Men Ole sa at han kunne lage ein kopi , og at den skulle vere så nøyaktig som han berre greidde å få det til. Prisen på dette arbeidet vart sett til to røykte laksar, og så var den handelen også i orden.

Arne Aarflot har denne kopien heime hos seg i dag, og med digitalteknikk har vi no fått lov til å presentere "Nissen på seldøra" også i Stordalsportalen. Det kunne den engelske kunstmålaren neppe ha tenkt seg då han gjorde dette for over 100 år sidan.

Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema