Stordalsportalen.no / Tema / Om Stordal / Bilde med ei historie / Stavdalshaugen på Stavdal
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
18. juni 2019 08:55:59
Namnedag:
Bjarne - Bjørn
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Stavdalshaugen på Stavdal

Skrive av: Kristian Almås 20. mars 2006
Innlagt den 21.03.2006

Lars Sivertsen Stavdal kom frå Lianes. Han budde først ei tid i Utigard på Talberg, før han og familien flytta til denne husmannsplassen under Larsgarden på Stavdal i slutten av 1890-åra. Det var Lars som bygde opp husa på plassen, og dei står enno. Lars gifte seg med Anne Petrine Larsdotter Overå frå Liabygda, og dei fekk mange born. To av desse borna var tvillingane Lars Peter Larsen Stavdal og Ane Marie Larsdotter Stavdal. Dei vart fødde i 1890.

Bildet er tatt på Botnastølen i Jøsvollbotnen, og selet som vi ser, høyrde Stavdalshaugen til. Dei vaksne personane er tvillingane Lars og Ane Marie. Ane Marie står på trappehella, og Lars står i bakgrunnen. Dei tre jentene er frå venstre Mabel, Ruth og Klara. Dei var om lag jamgamle. Mabel står ved trappehella. Ho voks opp i Framigard på Talberg og vart seinare gift med Hilmar Kvammen. Ho levde fram til 2003. Ruth døydde berre 15 år gammal. Ho var dotter til Ane Marie. Klara kom frå Larsgarden på Stavdal og vart gift med Jørgen Kleiven i Røysetdalen. Ho levde fram til 1999. Også tvillingbroren til Ane Marie døydde tidleg, og det førte til at Ane Marie vart buande åleine på Stavdalshaugen i mange år. Stavdalshaugen var då ikkje lenger ein husmannsplass, men eit småbruk, og dette småbruket dreiv ho for det meste åleine. Mange i Stordal vil hugse henne under namnet Hau-Ane Marja. Ho døydde i 1970.

I dag er det Ruth og Jon Hole i Sykkylven som eig Stavdalshaugen.

Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema