Stordalsportalen.no / Tema / Om Stordal / I Stordal skjer det mykje
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
22. september 2017 06:28:13
Namnedag:
Kyrre - Kåre
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

I Stordal skjer det mykje

Det er i Stordal det skjer!

I STORDAL SKJER MYKJE INTERESSANT

Dette er skreve av Einar J Hove og John Kr Hjelle.

Nedanfor gir vi ein svært kort presentasjon av fleire interessante tiltak og prosjekt knytt til Stordal.

Alt det som er skreve om nedanfor kan du lese meir om her på Stordalsportalen.
Under kvart av nedanforståande tiltak viser vi til kvar i Stordalsportalen dette stoffet ligg.

Stordal Sogelag

Stordal Sogelag har vore eit aktivt lag og gitt ut ei mengd temahefter. Sogelaget har ellers vore initiativtakar og svært aktiv i fleire prosjekt. Vi nevner her Intersogelagssamarbeidet, Dei Store Hesteferdene 2004, NRK-filmen "Vegen mot Romsdals marked" og no sist Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal. Sjå under menyvalg "Kva skjer" og "Prosjekter" samt Stordal Sogelag si heimeside under Stordalsportalen (menyen "Heimesider i portalen" til venstre). Stordal Sogelag har hatt hovedansvaret for restaureringa av Andersselet på Kvitlanestølen på Langsætrane. Utanfor dette selet var der ei hovedscene i ovanfor nevnte NRK-film. Sjå bilete.

Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal

Øvre Stordal er eit unikt område med mange kvalitetar knytt til historie, kultur, friluftsliv og busetnad frå langt tilbake i historia.

Folket i Stordal vil ha eit aktivt engasjement for å ivareta disse verdiane og det er skreve eit omfattende dokument som klarlegg kva slags aktivitetar ein vil sette i verk for å ta vare på og vidareutvikle dei store verdiane som ligg her. Ein hovedfokus vil vere å skape grunnlag for nye aktivitetar, næring og fast busetnad i området.
I området er her eit stort vassdragsystem med ei rekkje vatn og elvar. Området er interessant så vel frå ein geologisk, biologisk som ein botanisk synsvinkel.
Området er eit perfekt utfartsområde for dei tettare busette områda vestover i Ålesundsregionen.
Arena Overøye med nye alpinanlegg og dei store turmuligheitane innover i Langseterområdet er viktige i samband med idrett og friluftsliv for ein stor region.
Sjå meir om prosjekt Øvre Stordal her .

Langsæterdagane

Langsætrane var i eldre tider dei største samla sommarstølane på Vestlandet. 40 av dei nederste bruka i Stordal hadde seterhamner her.
Langsætrane ligg 18 km. frå Stordal sentrum og med bilveg opp gjennom Stordalen heilt fram til stølsområda.
Stordal Sogelag tok i 2004 initiativet til å skape ein tradisjon i bygda ved å lage til eit årvisst arrangement på Langsætrane. Dette var året då Den Store Hesteferda også blei arrangert.
Denne hausten blei det då berre halde eit arrangement over ein dag på Puskenstølen. I 2005 blei det lagt til rette for eit arrangement over tre heile dagar, og dette vil bli strukturen i Langsæterdagane som ein årviss tradisjon vidare. Langseterdagane går over 3 dagar og med store arrangement knytt til 3 område; Trollkyrkjegarden, Kvitlanestølen og Puskenstølen. Dei vert haldne i siste halvdel av august.
Sjå meir om Langsæterdagane her .

Intersogelagssamarbeidet, Den Store Hesteferda 2004, NRK-filmen "Vegen mot Romsdals marked"

Opptakta til dette samarbeidet mellom mange sogelag vart gjort i eit møte på Toreselet på Langsætrane den 12. oktober 2002. Forut for dette møtet hadde historikaren Ragnar Standal og leiar i Stordal sogelag Einar J. Hove sendt ut invitasjon til mange lag og organisasjonar.
Dette samarbeidet utvikla seg svært positivt og disse sogelaga blei einige om gjenskape dei historiske hesteferdene som gjekk frå Nordfjord tvers gjennom heile Sunnmøre og til den store marknadsplassen på Devold i Rauma.
Etter invitasjon frå INTERSOGELAGS-SAMARBEIDET takka NRK i februar 2004 ja til å lage ein film frå ei konkret hesteferd hausten 2004. Denne filmen blei vist på NRK i jula 2004.
Det vart teke ei mengd med scener frå alle bygdelaga og seterstølane som hesteferda for gjennom. Mange scener blei også teke frå Stordalsområdet; frå Stordalsholmen og Stordalsvika, opp gjennom heile Stordalen, frå Langsætrane og frå Trollkyrkjegarden som ligg inne på fjellet mellom Stordal og Innfjord.
Sjå meir om dette her .

Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal

Fjord - Fjell - Friluftsparken I MRF er ein direkte - men noko anna vinkla - fortsettelse av Den Store Hesteferda 2004. Dette prosjektet baserer seg på dei same grunnleggande hensikter / intensjonar og målsettingar som både Bygdeutviklingsprosjektet Øvre Stordal og Hesteferdprosjektet.
Ein svært interessant del av dette prosjektet er konseptet "Tur med oppleving og læring".
Dette baserer seg på bruk av GPS-verktøy, digitale kart og avanserte database-løysingar.
Ein teiknar opp alle aktuelle turmuligheiter i heile området og gir tilleggsinformasjon av mange slag knytt til det ein kan oppleve og lære ved kvar enkelt tur.
Sjå meir om FFF i MRF her .

Trollkyrkjegarden

TROLLKYRKJEGARDEN EIN HISTORISK STAD
Trollkyrkjegarden ligg inne på fjellet mellom Langsætrane i Stordal og Bøstølen i Innfjorden.
Trollkyrkjegarden var i gamle dagar ein møtestad på fjellet mellom bygdene Stordal, Valldal, Innfjorden, Måndalen og Tresfjord.
Trollkyrkjegarden vil bli senter og møtestaden i Fjord Fjell Friluftsparken i Møre og Romsdal.
Dette er ein eldgammal møtestad i fjellheimen mellom ovannemnde bygdelag og den kan ha si historie fleire tusen år attende i tida.
Sjå heimesida til Stordal sogelag under stordalsportalen (menyen "Heimesider i portalen" til venstre), leit deg fram til Bildearkiv og Trollkyrkjegarden i dag. Sjå også litt meir om Trollkyrkjegarden her .

Stordalsportalen

Stordalsportalen skal vere ein positiv presentasjon på internett av Stordalssamfunnet og i prinsippet femne om alt som vi vil presentere av positiv informasjon frå vårt område.
Med Stordalssamfunnet meiner vi dei geografiske områda Nedre Stordal, Dyrkorn, Øvre Stordal, Langsæterområdet og Bortomfjorden og herunder alt næringsliv, kultur, historie, friluftsliv, idrett, tiltak, aktiviteter, arrangementer, opplevelser etc.
Stordalsportalen er og blir utvikla for at den skal vere for folket i Stordalssamfunnet. Den skal også vere av folket gjennom deltaking i infosider og interne heimesider innan sjølve portalen.
Men den skal også rekke langt ut i verda, derfor:

Stordalsportalen skal bli Stordalssamfunnet sin viktigaste profilerings-, markedsføringsmedium og markedsføringskanal på internett.

Men samtidig er den jordnær og gir informasjon til bygdefolket om det meste som skjer på det lokale plan.

Oppfordring: Besøk Stordalsportalen og gjer deg kjent med Stordal og det Stordal har å by på. Det er allereie lagt inn ei mengd med stoff knytt til mange temaområde og aktørar i Stordal. Her er også fleire bildegalleri med mange flotte bilder frå Stordalsområdet. Disse ligg både i sjølve Stordalsportalen og i dei heimesidene som er lagt inn under Stordalsportalen. På denne nettstaden vil der ut gjennom heile 2006 komme inn stadig nytt interessant stoff. Velkommen til Stordalsportalen.

Les meir om Stordalsportalen her .



Anna

Avsnitt  Viktig melding
Avsnitt  Velkommen til Stordalsportalen!
Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema