Stordalsportalen.no / Tema / Lokalt / Lokalt nytt / Jon Eikemo i Rosekyrkja
Ramslauk
StordalStordalStordalStordalStordalStordalStordal Stordal
Stordal
Stordal
Langsætrane
Webkamera Arena Overøye
Heimesider i portalen:
Stordal Arena Overøye
Stordal Kyrkjehola Kulturbeite
Stordal Nilsgardstunet
Stordal Stordal Alpin
Stordal Stordal Alpinsenter
Stordal Stordal Bedehus
Stordal Stordalskvartetten
Stordal Tonika
Stordal Stordal Elveeigarlag
Stordal Stordal Idrettslag
Stordal Alpin
Stordal Fjellservice
Stordal Hopp
Stordal Hovedgruppa
Stordal Langrenn
Stordal Stordalscup
Stordal Stordal Sogelag
Stordal Stordal Turlag
Stordal Stordalsferien

Stordal Attraksjonar
Stordal Opplevingar
Stordal Overnatt. Serv. Camping
Stordal Fiske
Stordal Jakt
Stordal Lokalt nytt

Stordal Arrangement
Stordal Glimt av Stordal
Stordal Bruktmarknad
Stordal Gjestebok
Stordal Kontaktskjema
DAGEN I DAG
22. september 2017 06:18:20
Namnedag:
Kyrre - Kåre
Søk i Stordalsportalen

Sitemap
Stordal Stordalsportalen
som startside (IE)
Logg inn admin

Fasinerande Jon Eikemo i Rosekyrkja

Skrive av: Ruth Janne Vinje
Innlagt den 09.07.2006

Det er i år 100 år sidan Jakob Sande vart født, og dette ville Kyrkjehola Kulturbeite feire med framsyninga "Jakob Sande og Jon Eikemo, trur eg..." Og det gjorde dei til gagns. I to timar bergtok Jon Eikemo publikum i Rosekyrkja.

Jon Eikemo med Aage Vaksdal på trekkspel og piano, starta friskt og humoristisk med "Simon i støa", om korleis han prøvde å ta livet av katten. Og slik fortsatte det. Vi fekk høyre alle dei kjende dikta blanda med litt meir ukjende. Jon Eikemo batt det heile saman med historier frå "Jakoben" sitt liv, og små dialogar mellom han sjølv og Aage Vaksdal.

Og vi publikumarane sat trollbundne. Vi gløymde heilt dei vonde benkane i Rosekyrkja, og lo og gret saman med Eikemo. Vi fekk høyre mjuke voggesongar som gjekk oss i hjartet og det makabre diktet "Likfunn" som ga oss ekle grøss. Vi fekk fylgje Daniel som førstereisgut og endeleg kom "Etter ein rangel". Det er vel ingen som kan framføre "I morgon skal eg starta eit nytt og betre liv, trur eg..." med meir innleving enn Jon Eikemo. At han ved nokre høve kom ut av teksten, tilgir vi han så gjerne.

Arrangementkomiteen ved Leif Dybdal kan fortelle at Eikemo og fylgje hans var godt nøgde med framstillinga. Dei synest kyrkjerommet gav ei svært spesiell ramme rundt programmet. Korkje lyd, lys eller rekvisita var slik dei pleier å ha det, men løysingane som vart valde var dei godt nøgde med. Dei var sjølvsagt strålande glade for det store frammøtet. Det vart selt om lag 270 billettar og mange fekk stå i våpenhuset og ute utan billett sidan dei ikkje fekk sitjeplassar. Ca 300 var til stades.

- Elles var Eikemo etter førestillinga mest oppteken av Stordal, som han syntest var eit større dalføre enn hadde sett føre seg. Han hadde lagt merke til at det var fine gardsbruk i dalen. Han har sjølv vore gardbrukar og var tydeleg interessert i dette, avsluttar Leif Dybdal.

Vi i Stordalsportalen vil gratulere Kulturbeite med nok ein suksess og takke for den fantastiske innsatsen dei gjer for kulturen i Stordal.

Foto: John Kristian Hjelle

Stordal
Stordal
© Stordalsportalen 2005 - 2012          Om Stordalsportalen       Kontaktskjema